Velkommen til bloggen min. Her kan de sjå bilder frå mange av mine syslar som ofte er handarbeid av ymse slag. Ha ein god dag.
Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
søndag 31. mai 2009
På tur i pinsehelga
Det er slutten av 1. pinsedag og vi er komen til Stårheim. Har vore i Holvik på Vågsøy. Der har vi hatt syskjentreff. Både laurdag og sundag har vi vore på fjelltur. Laurdag gjekk vi frå Holvik og over fjellene til Nord-Oppedal. Idag har vi gått frå Vågsvåg og over fjellene til vi såg ned til Færestranda og var over høgda til Hendanes Fyr. Bilete frå desse turane skal eg leggje ut når vi kjem heim. På laurdagskvelden var vi på Kraftstasjonen i Måløy og hadde oss ein god middag. Denne restauranten kan anbefalast.
tirsdag 26. mai 2009
Avleggere til min kollega
I dag har det regna meir enn nok. Likevel etter at kveldens spasertur var unnagjort, som var riktig frisk og god, gikk eg ut i hagen og fann 7 forskjellige avleggare av tvetann (4) og alunrot(3). Ein god kollega av meg skal få dei. Skal bringe dei til ho i morgon kveld.
Her ein tvetann med lyse blader og lilla/rosa blomst.
søndag 24. mai 2009
Dagens quiltearbeid
I dag har eg begynt på eit vognteppe. Det har tatt litt tid før eg viste korleis eg ville ha det, men her ser de korleis eg har begynt. Trudde i utgangspunktet at eg skulle bruke ein del blonder, men har vel egentlig lagt vekk den tanken. I dei lyse felta trur eg det blir quilta abstrakte figurar eller kansje hjerter. Vi får sjå.
Eg har hengt opp eit laken på veggen bak døra på syrommet mitt slik at det kan arbeidast vidare med der det heng. Då slepp eg å pakke ned og opp ettersom eg har tid og lyst. Dette har eg praktisert i mange år og for meg fungerer det bra.
Min hage idag
Abonner på:
Innlegg (Atom)