Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 20. april 2012

Snart helg og kurs

Denne helga skal eg på kurs med Wenche Wolf Hatling frå Northern Quilts. Spenningen er stor og eg gle meg utruleg. Tenk å få senke skuldrane frå kvardagen og berre nyte det. Suge til seg inspirasjon og nyte det sosiale ved å gå på kurs. Luksus.
Det har skjedd lite på handarbeidsfronten i det siste. Har vore på reis nokre dagar, men inni mellom har eg no fått kosa meg med strikkepinnane. Nokre omganger her og der......Alltid litt venting på flyplassane.
Ikkje ferdig med det eno.

Elles så prøver eg å får ferdig nokre gamle UFO-er. Alltid kjekkast å begynne på noko nytt:)

Har no fått ferdig ei god lue til min gode mann, men vi håper han ikkje får bruk for den på lenge. 
Og då eg kom heim etter reise, hadde han kjøpt blomar til meg :) 
På altanen står no stemosblomstrane i full flor. Dei såg ikkje slik ut då snøene lavde ned over dei her for noko sia. Dei tåler det meste. 
Ha ei riktig god helg!
No fer eg på kurs :)))


 

4 kommentarer:

  1. Kos dokke på kurs...gler meg til se glimt frå det på bloggane:))). Fine blomst du har sydd. Alltid gildt med blomar. Det LIKER me. klem lilladør

    SvarSlett
  2. Kurs høres ut som en herlig påfylling;)
    Flott lue til mannen..og han fortjente den!!..men håper han ikke trenger den på denne sida av sommeren;)
    Her bæres stemora ut og inn, men den må over i større krukker snart;)
    Ha ei nydelig helg, klem fra mæ;)

    SvarSlett
  3. Fine blomster, både sydde og kjøpte. Mandig lue har du også fått tid til å strikke!
    Lykke til på kurset:)

    SvarSlett
  4. Vacker bukett av kärlek.
    Luvan värmer gott då det blir säsong.
    Marguritten ser ut att bli så fin.
    Lycka till med kursen./Pirjo

    SvarSlett