Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 27. september 2013

Kursprodukter

Dagane fyk av garde, som det alltid gjer på hausten. Mykje ein vil ha gjordt før vinteren set inn.
Blogging blir det lite tid til, eg berre måtte ha ei lita pause og syrommet har vore ute av drift lenge.
For to veker sida var eg på kurs med Anne Beier Finnestad og for ei helg. 
Ei dame som kan det å inspirere. Ho gjev så mykje av seg sjølv at det er ei fryd å være med.

Tema var sirkler og rundinger med stoppefoten.
 Her begynnelsen av en løper med rundinger.
Å leike seg med stoppefoten er moro, men også krevande, 
for ein har jo forventningar om at det skal gå bra. 
Kursprodukter er jo prøvekluter der ein skal lære, så det får gå sin gang. 
Begynnelsen på ein løper med sirkler
 
 og her litt av begynnelsen på puter, der vi fikk lære å bruke sjablonger,
 og det skal komme mykje sying med stoppefoten og kanskje litt meir før dei er ferdige.

Og som de ser så har eg mykje kosarbeid føre meg, men først må eg få syrommet opp å gå igjen. Mykje som skal på plass før eg finn roen til å forsette med desse prosjekta.
Sender ein stor takk til damene i Quiltegruppa som tilrettelegg for desse fantastiske kurshelgane.
Takk for at du såg innom.

Ønsker alle gode haustdager!



3 kommentarer:

  1. Ja her har du mykje kjekt arbeid føre deg ...... gleda meg til å sjå det ferdige
    resultatet
    Klem

    SvarSlett
  2. Ser du har kosa deg på kurset. det var kjekt å ta turen innom kurset! Kos deg med resten av arbeidet på løparane:) Du har igrunn det kjekast igjen. God helg til deg. klem

    SvarSlett
  3. Så spennende dette ser ut, gleder meg til å se pute og løper ferdigstilt:)

    SvarSlett