I dag har det vore varmt og klamt, heilt vindstille, og det berre måtte komme torevær med regn. Det er svært tørt ute så desse regndråpene trengte vi. Sidan det ikkje var utevær, tok eg å gjorde ferdig vognteppe som eg byrja på for noko sida. Det gjensto berre litt lukkekant pluss quilting inne i rutene. No står berre overrekkelsen igjen. Det er alltid spennande å overlevere slike gåver. Det er fyste gongen eg gjev denne tidligare kollegaen ei slik gåve, men så er det noko spesielt når ein får sin fystefødde når ein har passert 40. Eg gled meg slik på deira vegne at dei fortener eit vognteppe. Det er kanskje litt sprekt å lage det i sjokkrosa, men dei som har sett bilete frå siste tida, seier det går i rosa på alle bilder, og då det er berre å krysse fingrane.
Velkommen til bloggen min. Her kan de sjå bilder frå mange av mine syslar som ofte er handarbeid av ymse slag. Ha ein god dag.
mandag 29. juni 2009
Vognteppe
I dag har det vore varmt og klamt, heilt vindstille, og det berre måtte komme torevær med regn. Det er svært tørt ute så desse regndråpene trengte vi. Sidan det ikkje var utevær, tok eg å gjorde ferdig vognteppe som eg byrja på for noko sida. Det gjensto berre litt lukkekant pluss quilting inne i rutene. No står berre overrekkelsen igjen. Det er alltid spennande å overlevere slike gåver. Det er fyste gongen eg gjev denne tidligare kollegaen ei slik gåve, men så er det noko spesielt når ein får sin fystefødde når ein har passert 40. Eg gled meg slik på deira vegne at dei fortener eit vognteppe. Det er kanskje litt sprekt å lage det i sjokkrosa, men dei som har sett bilete frå siste tida, seier det går i rosa på alle bilder, og då det er berre å krysse fingrane.
søndag 28. juni 2009
Inspirasjonsdag
onsdag 24. juni 2009
Jonsokafta
Jonsokafta blei feira i går med grilling og båttur. Det var eit yrande liv på sjøen slik det alltid er i Florø. Bålet blir brent på Rota. Før i tida hadde vi to bål. Eit på Klubben for utibynarane og eit på Rota for innibynarane. Det var om å gjere kva for eit som brant lengst. I tillegg var det, og er fortsatt, mindre bål fleire plassar rundt omkring i byn. Hadde planar om å sjå bålet på den nye badeplassen vår på Sørstrand. Her er det nokre ildsjeler som har satt igang eit kjempefint prosjekt som skaffar byen ny badeplass med sandstrand. Det var ein fantastisk kveld og det så ut til at alle koste seg.
Det var både store og små båtar på hamna denne kvelden. BN 152 frå STX Norway Florø AS hadde lagt til kai i hamnebasenget. Dei gjekk vidare på prøvetur kl. 23.45.
søndag 21. juni 2009
Slik var det i hagen når vi kom heim
Her er bilder frå hagen idag. Det var ikkje berre blomebeda som blømder. Plena var også eit syn. No er jo tusenfryd i plena eit ugras for å rekne, men eg tykjer no dei gjer seg,
Det blømer utover steinrøysa som eit slør.
Er svært spent på korleis denne takløken blir når den står i full bløming.
Dette er ein av dei siste planten eg har igjen av akleiefrø som eg kjøpte i England for nokre år sida.
Akeleier har eg i mange varianter og dei blømer til svært ulike tider.
Heime igjen
Vi var også å gjekk Samaria kløfta. Den er 1,8 mil lang. Fyst tok vi buss opp til eit platå som ligg på ca 1200 m. o.h. og så gjekk vi undabakke heile vegen ned til havet. Det var mykje folk som gjekk her og sko/sandaler var av ymse kvalitet. Ikkje alle var godt nok forberett på kva dei hadde gitt seg ut på. Vi hadde gode joggesko og god niste. Vurderte om vi skulle ta med fjellsko, men har snakka med andre som har gått denne turen før, og kom til at gode joggesko skulle holde. Det stemte. Vi gjorde turen unna på knappe 4 timer inkl. pauser. Når vi kom ned til havet hadde vi god tid til å bade, drikke kaldt godt øl og litt god mat. Her ser vi eit bilde frå der kløfta er på det smalaste. 3,5 meter. Ellers så var det som eit stort dalføre å gå med mykje stein, men god sti.
torsdag 11. juni 2009
Førebuingar
Etter dagens gjeremål var det tid for å tenkje på at vi skal ta ein tur til Middelhavet, nærmare bestemt Kreta. Det er kun mor og far i huset som skal reise. Fant fram nokre klede og utstyr. Så det som er like viktig, næmlig handarbeidet. Har sydd 6 telerkendempare til vår datter, det er bare den dere lukkekanten som står igjen. Tar med nokre av dei.
Så er eg jo svært glad i stitchery. Driver å lager diverse små bilder som skal settes sammen til tepper til to av barnebarna. Dei liker at alt er likt så eg skal brodere nokre bilder like. Å brodere noko som ein alt har satt sammen fargane på, må då være feriearbeid.
Her bilde av dei som er ferdige.
tirsdag 9. juni 2009
Sommaren er komen
Vi har flat tomt med ein liten aning til forhøyning bakerst i hagen. To plasser kan ein få fraem litt berg. Eg har no gravd vekk blomar og mold som dekte denne små knausen og planta takløk o.l. plantar der. Skulle gjerne hatt meir bergknausar til å plante i, men det er jo slik at ein ynskjer seg gjerne det ein ikkje har, istadenfor å vere fornøgd og gjere det beste ut av det. Det er så kjekt med desse lave steinbedplantane som nesten steller seg sjølv og som ikkje blir blesen ned av vinden. Berre å renske ugraset, men det er jo berre kjekt det. Dei svikar deg aldri. Kjem alltid attende.
Her samme knausen frå litt annan vinkel. Tok fram noko av knausen ifjor og den takløken eg planta då har allereie byrja å legge sine armar utover steinane.
Veronika