Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

torsdag 2. juli 2009

Vakker dag


Det har atter vore ein vakker dag. Vi har vore velsigna med mange soldager no, og vi tek gjerne imot fleire. Det er i varmaste laget på kontoret. Starter dagen med 28 gr. Er det litt trekk i lufta kan vi få ned temp. ein gr. før den ved lunch tider stiger litt. Vi skal ikkje klage, vi er berre ikkje vande til det.



I hagen kjem fleire og fleire blomar i bløming. Her er nokre. Ikkje alle veit eg namn på.




Takløkane er byrja å bløme. Denne og den neste har t.o.m. overlevd vinteren. Har hatt ein utfordring å få det til. Det blir spennande å sjå om eg har funne koden og kan nyte dei år etter år. Det er jo greit å slippe å kjøpe dei inn kvart år. I fjor haust planta eg takløk, lyng og mose i pottene ved inngangsdøra og dei overlevde også. Har fått eit tips om at dei ikkje likar å stå med beina i vatn. Det er ein skikkeleg utfordring i løpet av vinteren her på vestlandet.





































Kapatklokker





















Kveldsola skinner enno over hekken. Vi har den hos oss til kl. 22.30 no. Lerka som ein ser heilt til høgre har eg stamma opp og klipper den som en ball. Namn på den fine høge planten har eg ikkje. Det er sjeldan at den får stå slik uten støtte. Vanlegvis er det med nød og neppe eg klarer å redde den med støtter og oppbinding.














Denne duken sydde eg for mange år sida. Den er i kvikke fargar. Trudde ikkje vi kom til å bruke den så mykje, men det syne seg at vi trives med den som sommarduk til våre utemiddager. Det raudlige stoffet berre måtte innkjøpast den dagen eg fann det. Verre var det å bruke det. Slik har eg det mange gonger. Der og då fenger eit spesielt stoff meg, seinare ikkje alltid det enklaste å bruke.

1 kommentar:

  1. Flotte bilder frå hagen! Eg har det også slik at eg berre må ha ein stoffbit og så lurer eg på korleis eg skal bruke den når eg kjem heim.....;.) Det høyres heitt ut på kontoret. Arild har nemnt det, men no har han ferie og eg trur det skal gjere han godt!

    SvarSlett