Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

tirsdag 5. juni 2012

Syhelg deluxe

Helga har vore ein stor opplevelse. Har vore på tur ilag med kreative og syglade damer. 6 symaskiner rundt eit bord som durer og går, samtidig som det sosiale ivaretas. Kan ein ha det kjekkare. Kommentarane er mange og latterbølgene likeså.
Og du verden kva vi har fått til. Her eit lite bildegalleri:
Eli vart akkurat ferdig med denne nydelige toppen til eit sengeteppe. Mønsteret er henta frå
Resteteppet som var i Quiltemagasinet. Her med nydelige batikkstoff og mørkere bakgrunn. Heilt nydelig.

  Laila og Solveig  sydde frå samme mønsteret, men med kvar sine utrykk. Mønsteret er frå denne boka. 
Her det både applikert, stitchet i tillegg til maskinsaumen.


Solfrid, som også er huseigar til denne flotte staden vi har vore på, fekk med seg fleire årstider innan saum. Ho er ein resar på å sy løparar. Den til høgre er Rosa Natt frå AnnaKa. Den er nr. 11 i rekka. Advendtløparen har ho ikkje sydd før og der har ho brukt mange vakre lyse stoff. Blei riktig lekker.
Den røde løparen kan ein jobruke både til jul og sommar.
Åshild sydde denne flotte quilten med lyn-effekt. Mange trekanter å holde styr på.
Nydelig resultat i vakre varme stoff. Etterpå sydde ho også ei toalettveske. Effektiv :)
Til slutt min topp som det skal jobbast vidare med. Litt applikajon kjem nok til. Quilten er sydd etter inspirasjon frå ein quilt som Kari med bloggen Lilla Dør hadde med som modell på eit kurs i fjor haust/vinter. Det som kjem no blir etter eige design. Hittil måler den 140 x 190. Har brukt ulike tekstiler. Deriblant også litt av ein avlagt genser frå min mann.
God mat og sosiale pauser er veldig viktig. Når været tillot det, kosa vi oss i ein lun krok ute i solveggen, elles bles nordavinden ganske så friskt. Båtturen til å frå gjekk veldig greit.

Utsikta frå øyna var det ikkje noko å sei på. Berre å nyte mens ein kan.

Eg fekk også sydd saman litt anna, men det blir i neste innlegg.
Ser at det er mange som treng seg litt bloggpause, og ser ikkje bort frå at det kan bli litt tid mellom innleggene mine også.
I denne lyse årstida er det mangt ein håpar å få unna. Utelivet lokkar så snart sola skin. I følge værmeldingane skal vi endelig få tosifra temeratur igjen. Då veit eg i alle fall ei som skal ut i hagen igjen.

Ha gode dager!

4 kommentarer:

  1. Fantastisk flott Kari. Dokke er kjempe flinke og ivrige. Teppe ditt vart kjempe fint. Gler meg til å se det ferdig. Kjekt du la igjen link til meg på bloggen...alltid gildt med litt reklame. klem lilla dør

    SvarSlett
  2. Fantastisk flott og mangfoldig produksjon dere har klart på en liten helg!
    Gleder meg til å se teppet ditt ferdig:)

    Klem.

    SvarSlett
  3. For noen verker dere har produsert! Skjønner dette er trivelig, alltid det å gjøre noe sammen;)
    Er litt tregere her inne selv, litt av futten er ute, men vi får se;)
    Kos dæ videre, klem fra mæ;)

    SvarSlett
  4. Så flinke og produktive dere har vært!
    Mye fint sømarbeid på bloggen din, og jeg har også beundra hagebildene dine. Du ser ut til å ha mye fint og forskjellig i hagen din!
    Ha en fin dag!

    SvarSlett