Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 1. juli 2012

Toalettveske

Ikkje mykje handarbeid som blir gjordt her om dagen. Brukar dagane ute enten i skog og mark, eller rett og slett ute i hagen der det er litt å gjere i år.
Men denne toalettmappa har eg sydd, og den er etter mønster frå Northern Quilts.
Både mønster og stoff er kjøpt der.
Likar streken for broderusk frå Northern Qilts veldig godt. 
Dette mønsteret har en del stilige detaljer synes eg, som krokelissene. 
Sjølve grunnmønsteret til toalettveska fekk vi også då eg gjekke på kurs med Wenche frå Northern Quilts. 
Inn i er den innredet med to åpne lommer. Eg har sydd glidelåsen i slik eg vanlegvis gjer. 
Det stripete stoffet og krokelisse til lukkekanten gjorde seg. 
Ein kollega ventar barn og har strikka fleire par sokker.
Ho har allereie fått overlevert eit par, men dei tok eg ikkje bilde av.
Her eit enklare par.  
Var i Bergen for nokre veker sida. Då vi kom ut frå Zupperia i Olav Kyrresgate, falt augo mine på denne husveggen. "Snedig" står det enten du les det opp eller ned. Nokon som kjenner til kva det er?

Vi har hatt litt regn denne helga. Blomane som stod ute på altanen fløymde over då vi kom heim atte etter tur, men ut i kommande veke er det meir deilig sommarvær i vente. Av og til må vi unne naturen litt vatn, for det er utruleg tørt. I enkelte bed har eg faktisk vatna i tillegg.

Ha gode dagar enten du skal på jobb eller har ferie!

8 kommentarer:

  1. Flott toalettveske :) Ha ei god veke !
    Klem Laila

    SvarSlett
  2. Nydelig toalettveske!! Du gjere fint og nøyaktig arbeid.:))) gildt med litt håndarbeid sjølv om det er sommer.

    SvarSlett
  3. Så nydelig den ble. Og slik et lekkert arbeid du utfører!
    Ha en flott uke.

    Klem.

    SvarSlett
  4. Fin toalettveske og søte labbar. Ja, no treng vi litt betre veir, er midt i ferien so sola er sakna. Ha ein fin mandag.

    SvarSlett
  5. Kjempefin toalettveske! jeg og er glad i Northern Quilt sine broderusker, har flere av dem. Babysokkene var jo bare nusselige, det er et kjekt håndarbeide nå på sommeren. Ha en fortsatt fin mandag:)

    SvarSlett
  6. Nydelig toalettveske!..og søte sokker!
    Ja, dette var snedig, men aner ikke hvorfor det står på veggen:))
    Her er sola på gang, så jeg regner med dagen blir en utedag, det trengs;)
    Klem fra meg;)

    SvarSlett
  7. Veldig fin og delikat toalettveske!! Ser følgerne dine er borte. Jeg fant en løsning til slutt, så du kan kikke her om du vil;)
    http://ednysinepuslerier.blogspot.no/2012/06/blogghjelp-for-flgarfunksjonen.html

    SvarSlett
  8. Hei igjen! Så bra at du fekk fiksa det med følgjarane!
    Takk for koseleg kommentar, og velkommen som følgjar med meg;)

    SvarSlett