Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 12. september 2012

Sanketid

Hausten er et mirakel. Naturen byr oss av si grøde og mange ganger heilt gratis.
I hagen står eit plommetre av sorten Opal og i år har det gjeve oss rikeleg å hauste av
Hermitisering til dessert er ein av favorittane 
Vi har tatt det puljevis ettersom det har modna.

I år lagde vi ein ny vri på laken:
vatn, sukker, pressa sistron og heil anis 
her kva vi hermitiserte ein dag
så litt sylting ein annan dag 
slik var det berre å forsette til det var tomt
vi har også delt ein del plommer og plukka ut steinen for så å legge dei i frysaren til kompottar o.l.
no har vi så det monner

Forrige helg var vi på den årlege tyttebærturen til Bismo, så no er tyttebæra også på plass.
I same slengen kjøper vi inn madelpoteter så vi har til april neste år.
Denne turen er liksom eit ekstra påfyll for sinn og sjel;
hyttekos med gode vener er toppers
likeså det å kunne gå og vandre i skogbunnen er ein livsnytelse
alle inntrykk taes med heim for lagring og mimring 

då vi kom på ferjekaia på Stårheim fange eg desse solstrålane
vi hadde skiftande vær på turen
men samla sett ein herlig tur
Det er ikkje så mykje handarbeid som blir utført, utenom strkking på bilturane og andre små ledige stunder
Til helga skal eg på kurs med Kari Nyttingnes Grødem med bloggen lilladør og eg gle meg.
Tema er Haust og på bloggen hennar kan det sjå glimt av kva vi har å gle oss til.

Ha gode dager!



6 kommentarer:

  1. Hermetiserte plommer høyrest godt ut:)

    SvarSlett
  2. Å, så mykje godt du har laga :) Det blir kjekt å ha til vinteren.

    SvarSlett
  3. Takk for fine og goé omtale. Eg og gler meg til helga:). Det høyrdes ut som du hadde jille tur sist helg. Såg godt ut med hermetiserte plommer.....dyktig husmor må eg kalle dette:)). klem

    SvarSlett
  4. Flott avling og mye godt til vinteren:)
    Vårt tre sviktet i år, og det lille vi høstet er alt oppspist.

    Vi sees, gleder meg:)

    SvarSlett
  5. Dette så godt ut! Jeg tror ikke mine plommer blir modne i år...
    Har aldri prøvd meg på hermetisering, men det skulle jeg gjerne prøvd;)
    Herlig tur dere har hatt, da er dere klare for vinteren;)
    Ha en fin ferd mot helg, klem fra mæ;)

    SvarSlett