Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

lørdag 4. mai 2013

Underlige dager

Det har vore litt av ei veke.  Starta med å kjøpe meg litt sommerblomster. Kva som var i vente, ante eg ikkje. Men eg merka fort då eg skulle plante i potter, at det egentlig ikkje var nokon god temparatur ute. Eg gav meg etter 5 potter. Men som du ser, berre ein dukker djupt nok ned i blomsterhavet, så føler du våren.
 Steinbedsplanter i potter pleier å gå bra. Dei tåler jo litt tørke om det skulle melde seg, men for det meste er det om å gjere at dei ikkje får for mykje vatn her hos oss. Når den er avblomstra, flytter eg den ut i steinbedet for i krukkene vil eg ha noko som blomstrer heile tida.
Rett ut for kjøkkenet står ei krukke med krydderplanter. Godt å ha og eg berre må ha fleire.
 Mandagsskvelden reiste vi til Oslo og for sikkerhets skyld sette eg pottene heilt inn til veggen under tak.
Det var kanskje ikke så dumt, for her kom det nye kvite gjester.
 Vi hadde ein fantastisk tur til Oslo. 
Målet var konsert med Bruce Springsteen. Like kjekt kvar gong. Han er eit fyrverkeri og pauser er eit fremmedord.
Vi var veldigheldig, for sjølv om det var rikelig med snø utanfor vegen over fjellet, hadde vi flaks. Ikkje mange timane etter at vi var over og vel heime, kom dei feite snøflakene dalande. Men det er ikkje første gang vi har rikelig med snø i mai.
På tur er det alltid kjekt med eit strikk. 
Hadde litt bomullsgarn liggande,og koppetuer er det alltid godt å ha.
Den første blei litt for lita og då tok eg fram ein heklekrok og la til nokre omganger.
I dag har det blitt litt baking og då er det greit å gå litt til å fra syrommet under utbaking og heving.
Det vel meg i eit nøtteskall: Litt her og litt der på ein fridag.
Trønderrose
 Mini baguetter og grovbrød.
No er det kveld og det er tid for å slenge beina høgt og slappe av.

Gjer dagane dine gode!

God helg!

1 kommentar:

  1. Så det er hos deg våren er ;)) Her måtte vi rekvirere brøytebil for å komme oss ut av bygda i uken som har gått!
    Ingen planting av blomster ennå, derfor er det så kjekt å se hvor fint det blomster hos deg:)

    Baksten din ser deilig ut.

    Ha en fin uke, klem.

    SvarSlett