Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 29. juni 2009

Vognteppe



I dag har det vore varmt og klamt, heilt vindstille, og det berre måtte komme torevær med regn. Det er svært tørt ute så desse regndråpene trengte vi. Sidan det ikkje var utevær, tok eg å gjorde ferdig vognteppe som eg byrja på for noko sida. Det gjensto berre litt lukkekant pluss quilting inne i rutene. No står berre overrekkelsen igjen. Det er alltid spennande å overlevere slike gåver. Det er fyste gongen eg gjev denne tidligare kollegaen ei slik gåve, men så er det noko spesielt når ein får sin fystefødde når ein har passert 40. Eg gled meg slik på deira vegne at dei fortener eit vognteppe. Det er kanskje litt sprekt å lage det i sjokkrosa, men dei som har sett bilete frå siste tida, seier det går i rosa på alle bilder, og då det er berre å krysse fingrane.





1 kommentar:

  1. Flott teppe! Eg tenkjer det gjev stor lukke til dei som får det;.)

    SvarSlett