Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
Viser innlegg med etiketten Frihåndsquilting med stoppefoten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frihåndsquilting med stoppefoten. Vis alle innlegg

tirsdag 4. november 2014

Prinsessa syr frå eiga restekasse

Prinsessa syr


Prinsessa mi har si eiga restekasse og sjølv om ho berre er ni år, så mestrer ho symaskina sjølv. 
Programmerer og styrer i vei. Kjekt å prøve ut forskjellige sømmer og teknikker.
Her eit lite bilde ho har laga seg.


Ha ein god dag!

søndag 26. oktober 2014

A Kittens Tale

Endelig er eg ferdig med A Kittens Tale.
Har jobba lenge med dette teppe og det har væert en fornøyelse.
Teppe var en BOM hos Quiltekroken i Bergen.

Eg har quilta det på vanleg symaskin, så her har eg utført alt sjølv. Tenke mykje på om eg skulle sende det til quilting til en long-arm maskin, men bestemte meg for å prøve sjølv.



Og eg klarte det min måte :)
og sjølv om det var tungt og med mange sommerfugler i magen undervegs,
 så kom eg i mål.

Ha gode dager!

fredag 4. april 2014

Strikkeveske eller handarbeidsveske

Strikkeveske eller handarbeidsveske

Ja desse veskene kan vel brukes til kva som heldst, alt etter behov og lyst.
Har altså dykka i restekassen igjen.
Den er langt frå tom og eg held på med same posen endå.
Og slik vart det denne gangen.

 Våren er komen her på våre kanter og fuglane syng ute. 
Det måtte berre bli ein på syrommet også.
På baksida fekk eg lyst på fleire blomster.



Alt er frihåndsquilta. Egentlig oppvarming til eit større prosjekt.
God helg!

tirsdag 21. januar 2014

Løper med frihåndsquilting

Hei alle sammen og godt nytt år. 

Har hatt meg ei bloggpause, men no er eg tilbake.
Syarbeidet har også hatt pause. Januar er ikkje min store handarbeidsmåned.
Det var godt å ta fram eit syprosjekt, 
som berre har fått ligge på vent ei stund, og fortsette der ein slapp. 

No har eg bl.a. sydd ferdig denne løparen.
Gjekk på kurs med Anne Beier Finnestad sist høst med tema
skyggeteknikk og resteteknikk, sirklar og rundingar.

 Quiltinga er frihåndsquilting med stoppefoten
 Moro å prøve seg på ulike uttrykk.
 Det var berre å bruke fantasien, 
men det er ikkje kvar dag den er så lett å finne:)
Eg måtte vente til etter jul før den dukka opp.

 Ha ein riktig god dag!