Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 28. november 2011

Har vore på kurs :)

Denne helga har eg vore på kurs med Kari Nyttingnes Grødem og bloggen lilladør.
Ei dame som kan kunsten å inspirere og er eit oppkome av idear og får deg sjølv til å blomstre.
Mykje vart påbegynt og lite vart ferdig, for ein måtte jo prøve seg på mest mulig.

Her ein snømann, som vart til under kyndig veiledning av Kari.

Fleire snømenn og tepper vart påbegynt, men som sagt, ikkje alt vart ferdig og vil dukke opp på bloggen seinare.

Ha fine adventsdagar!
Pyntinga har begynt!!!!


søndag 20. november 2011

Hjerter heile året...

I veka som gjekk var gruppa Sjeive Sting samla igjen. Hjerter var tema. Nokon lagde adventshjerter, andre julehjerter eller heilårshjerter som eg lagde. Dei var utruleg kjekke å lage. Kvelden gjekk som ein røyk, slik det gjer når ein er samla i godt lag.
Så var det å finne ein plass å henge dei.
Lyssetting er ei stor utfordring i desse mørketider og ikkje har eg så store kunskaper om det heller, så det får bli som det blir. Her med rokken, som berre står til pynt og ikkje til den nytta den kunne vore, vart plassen for hjertene.
Det har vore ein våt sommar/ haust og i skogen har dei mosegrodde stubbane ein utruleg grønn farge for å være i november.
Her er moseveksten i ferd med å får overtaket og på veg opp etter treet. 
Skreiv for noko sida at eg hadde problem med å kommentere bloggar av og til og at eg sjølv hadde fått liknande tilbakemeldingar på min blogg. Fekk installert ein tillleggsnettleser: Mozilla Firefox og då har alt løyst seg. Eg bruker vanlegvis Internet Explorer, men bruker Mozilla Firefox når eg får problemer. Det er ikkje berre blogger det er problemer med, det gjeld også med ein del nettbankar, som eg er avhengig av å bruke i mitt arbeid. Har fått tilbakemelding frå andre bloggere, som har hatt samme posetive resultat ved å bruke Mozilla Firefox.
No får vi håpe på god veke for alle.
Neste helg er det 1. advent og då er det i allfall lov å begynne å pynte. Skal bli ei gledes stund :)
Klem :)

lørdag 19. november 2011

Varme labber m.m.

Ja så endelig har eg tid til vise dykk sokkane, som eg har nemd tidligere. No er dei i alle fall ferdige. Strikka i Senja Garn fra Gjestdal. Mønsteret fann eg i Allers sitt julehefte 2011. Har liksom sagt til meg sjølv at no skal eg ikkje kjøpte fleire julehefte, men kva skjer? Jo da, når ein er ute og reiser og får lyst på litt lesestoff utenom dagens aviser.....  vips så er enda eit julehefte innkjøpt. Veldig enkelt :) 
Må no berre sei at eg har kost meg med bladet og sokkane var veldig kjekke å strikke.
Kan godt det blir fleire. 
Forrige helg hadde vi julemesse og vi var godt nøgde med oppmøte. Fekk ikkje tatt så mange bilde, men her ser vi mange spente gjester under ein av åretrekningene. 
Utenom dei fire åretrekningene vi har i løpet av helga, blir større gevinster solgt på bok og trekt på slutten av søndagen. Her ser de nokre av gevinstane som stort sett er laga av medlemmane, men også nokre gevinstar gitt av utstillarane. F.eks. den vakre treskåla. Ynskjer du å sjå endå eit teppe sydd av medlemmane i Quiltegruppa og montert av Laila, kan du besøke Northern Quilts si side.
Utstillarane er utruleg flinke til å stille ut varene sine.
Her nokre vakre englar av Marianne Hansen frå Hafslo. 
Ynskjer alle ei riktig god helg!

lørdag 12. november 2011

A Kittens Tale Block 4

Da er blokk nr. 4 ferdig og her er heile pusefamilien samla.
Dei stolte foreldrene 
Dei leikne ungane 
Ein kry pusepappa 
Ei omsorgsfull pusemamma 
Ynskjer dykk alle ei riktig god helg!

fredag 11. november 2011

Julesylte og leverpostei

Må berre vise dokke kva min kjære mann lagde forrige helg før vi går over i ny helg! Han er ein triveleg hobbykokk av beste slag. Sylta, eller sylteflesk som vi seier på våre kanter, blei laga på tradisjonelt vis av hovud. Eg tok ikkje bilde av den ferdige sylta, men han lagar lagsylte.
Etterpå lagde han leverpostei. Det kjem nok ikkje til å stoppe der kjenner eg han vel og det gjer eg vel :)
Eg skal bidra med mitt, så ei viss avbeidsfordeling har vi vel.....
Berre vi klarerå ete opp alt no når alle ungane har flytta ut av heimen :) Det er same utfordringa kvart år, så litt her og der vanker det jo, og ..... det ordnar seg.....alle ungane kjem jo heimom  :))
Eg har strikka ferdig to par sokker i heilt tradisjonell utgåve.
Her et par i Drops Delight.
Og så eit par i restegarn av Finull og Ullteppegarn.
No skal eg feste trådane på endå eit par. Bilde kjem ein annan dag.
I morgon er det Florø Husflidslags's tradisjonelle Julemesse.
Har du anledning til å ta turen innom, kan ein forvente seg ei triveleg stund.
Ha ein forsatt god fredagskveld!

søndag 6. november 2011

Utfordring......

Som tidligere nevnt, så har vi i gruppa Sjeive Sting fått ei utfordring. Fekk nokre remser med stoff og skulle sy noko vi har bruk for. Elles så hadde vi lov til å supplere med eigne stoff. Dette er fargar som eg brukte mykje tidleg på nitti-talet. Gryteklutar er noko vi har bruk for.
På baksida har eg laga lomme til å ha handa inn i. Har brukt to lag med bomullsvatt inni. 
Strikkepinnane mine ligg i plastposar, så her har eg laga ein til rundpinnar. Glidelås til lukking.
Framleis har eg stoff igjen og planane er der, men det stundar mot jul og litt anna må tenkjast på. Har bl.a. begynt å male kjøkken og i går var klubbgjengen samla for årets bakedag av lefser og flatbrød. Det blei lefser på meg. Dei er laktosefrie og bakt med spelt. Erstatta kefir med laktosefri youghurt og litt soyafløyte.

Slike dagar med felles aktiviteter er utruleg artige. Vi leiger eit skulekjøkken. Der er det godt om plass og så slepp ein alt melsølet heime. Her får ein både i pose og sekk. Sosialt samvær med gode vener, bakinga går som ein røyk og etterpå kan ein gå heim med ferdig varer og slenge seg på sofaen om ein vil. 
No skal eg på kirkegården og tenne lys på gravene.

Ha ein fortsatt god søndag og ei god veke!

tirsdag 1. november 2011

Skittentøyposen som blei ei toalettveske...

Ja slik gjekk det. Når ein ikkje har møster å gå etter, men tar det etter innfallsmetoden, så skjer det saker og ting. Eigentligså likar eg det veldig godt. Man finn stoff og ser at dersom ein gjer slik og slik så får eg utnytta dette stoffet på best mulig måte. Så fant eg restar av habalon vatt. Dette måtte berre bli ei toalettveske. Skittentøyposen kan eg jo lage etterpå. Ugangspunktet var denne spreke dama.
Eit rødt stoff og  eit svart prikkete, alt frå lageret og så vart toalettveska slik. Desverre eit dårleg bilde, men no har eg sendt veska og kan ikkje få tatt nye. Venter spent på tilbakemelding. 
Inni er det ein stor lomme med litt pynt. 
Sist fredag var klubbgjengen samla og lagde årets julepølser. Dei blei ein god pose med pølser på kvar. Hengde dei til speking nokre dagar og no har eg lagt dei i frysen. Det er litt varmt på tørkeplassen min endå så turde ikkje å henge dei lenger. 
Ha gode dagar!

lørdag 29. oktober 2011

Gevinst

Kvart år i november har Florø Husflidslag sin årlige julemesse. I år skal den være 12.og 13. november på Flora Samfunnshus. Her blir det mykje å velje mellom og messa er godt besøkt. Vanligvis har det vore omkring 40 utstillarar med salg av eigenproduserte huslidsvarer. Lotteri med åresalg og lodd på bok høyrer også med. Gruppe "Sjeive Sting" har vore samla og vi har sydd nokre gevinster til nettopp årets julemesse.
 Her ei pute.
Baksida med hjerteknapper.
Vi starta med eit slumreteppe. Her er det under sying. No er teppe ferdig, men eg har ikkje noko bilde av det. Tar du turen innom bloggen til Solsaum vil du sjå det ferdige teppe. Etterpå vart det løper, brikke og pute av restane.

Denne heklakorga, som eg har fått i gåve av ei herlig venninne, skulle i utgangspunktet være til brødkorg, men så ville eg sjå litt meir til den. Fann ein serviett eg har strikka tidligare og så vart det slik. Då kan eg sjå på den kvar gong eg går forbi. Den vesle bjørnen er laga av stein frå vulkanen Mount St. Helens i USA.

Ynskjer alle ei riktig god helg!

torsdag 27. oktober 2011

Jeg samler og planlegger

Har vore eit par turer til Bergen siste veka.  Har stor sans for Bergen. Ein plass eg gjerne reiser til.
No har det vorte både ein privat kosetur og ein i tjeneste. Litt tid til shopping til mine hoppysysler, har det også blitt tid til. Kjøpte hefte Tildas Juleideer og Tildastoffer på Panduro til noke som kanskje skal bli julegåver.  På Søstrene Grene blei det litt av kvart bl.a. ferdig tova ullkuler. Så måtte eg jo innom Quiltekroken der eg supplertemed nokre stoff til A Kittens Tale teppe som eg holder på med. 
Driver også å samler stoff til eg skal på kurs med Kari som har bloggen Lilla Dør. Veldig polulært kurs som ein skal være tidlig ute med å melde seg på. Veit ikkje kva eg skal lage men litt nye stoffer må ein jo ha. 
Ikkje alle kjøpt i Bergen. Vi har jo gode butikkar her i fylket også. Alle stoffene som ligger på venstre siden er kjøpt hos Primula Design på Nordfjordeid.
Når eg er ute og reiser har eg vanligvis med eit strikk. Begynte i helga på enda eit par sokker. Måtte bare prøve eit nytt mønsterog det var akkurat så kjekt som forventa. No er det tre forskjellig par under produksjon. Kjekt å ha litt forskjellig å ta til. 
Bilder skal bli når dei er ferdige :)
Ha gode dagar!

fredag 14. oktober 2011

Marius genser

Tenk at endelig har eg utført siste monteringa på denne genseren. No er det begynt å bli kaldt ute og det er vel tid for varme gensere. Eg kvir meg alltid til å sette inn i armane, og kan det utsettast blir det lett til det.
Den er til  minsteprinsen. Den er strikka i Lanett fra Sandnes Garn påpinne nr. 2,5.

Heime er det fullt av liv og rør. Herlige barnebarn er komne på haustferie og i kveld skal ikkje mindre enn 4 av dei kongelige overnatte. Godt der er ei mor med :) Overgangen fra å være to til mange fleire er merkbar, men du verden så moro.

Ynskjer alle mine besøkande ei riktig god helg!

tirsdag 11. oktober 2011

Helgas aktiviteter

Fredag ettermiddag samla gruppa Sjeive Sting seg for å tilbringe mesteparten av helga ilag. Ja vi sydde både fredag, lørdag og søndag. Fredagen var vi invitert til å leike med stoff, nål og tråd ilag med eit av medlemmane. Sjølvsagt ville vi leike.
Pynt til personlig bruk eller på vesker o.l. var tema. Her ser de kva eg laga.
Var heilt sikker på at den heilt enkle skulle eg pynte meir når eg kom heim. Men nei, la den opp på ei veske og då viste deg seg at nok var nok. Av og til er det enkle heilt perfekt.

Ei av damene hadde dekka nydelig bord til oss, inkl.eigenlaga bordpynt
med ei blanding av blomar frå hagen og litt til. Slikt varmar. 
Etter ei økt med stoff, nål og tråd inntok vi eit deilig måltid. 
Uten mat og drikke duger sydamene ikkje, og det sosiale set vi også pris på.

Ha ei triveleg veke!

onsdag 5. oktober 2011

Så heldig eg er.....

Ja eg er så heldig at eg har ein hobby, som eg kan fylle fritida mi med, og så få lov til å glede andre også kanskje. Denne strikkeposen skal eg gje bort til ei strikkeglad dame, som alltid har strikketøyet sitt i ein liten plastpose. No vil eg prøve å glede ho med denne strikketøyposen.
Håper han fell i smak!
Grunnmodellen er frå eit Baerrroots mønster.
Motiver til pynt og størrelse varierer eg etter smak og behov. 
Får framleis tilbakemeldingar om at ein ikkje får legge igjen kommentarer på bloggen min. No har eg brukt ei anna maksin for å sjå om det går bedre. Håpar fleire av mine besøkande prøver å legge igjen ein kommentar slik at eg får ein tilbakemelding.

Ha ei fortsatt fin veke!

søndag 2. oktober 2011

A Kittens Tale Blokk nr.3

Her er blokk nr. 3 og her er også teppes einaste hund.
Han må dele plass med endå ein herlig kattepus. 
 Det skal være mange Yo-Yo-er rundt omkring på alle blokkene.
Dei har eg planlagt å sette på etter at teppe er quilta.
Så ein sak til slutt. Opplever stadig vekk at når eg skal legge inn ein kommentar på blogger rundt omkring, så blir eg kasta ut. Neste dag går det ofte heilt greit på same bloggen. Har fått tilbakemelding om at andre har opplevd det same med min blogg også. Er det andre som opplever dette? Dersom nokon veit kvifor, hadde det vore kjekt og høyre om det og kanskje nokon veit kvifor?
 Ynskjer alle ei riktig god veke!

lørdag 1. oktober 2011

Strikkekjole til prisnsessa

No er endelig kjolen som eg har strikka til prinsessa ferdig. Ho har prøvd den undervegs, men ikkje etter at den blei ferdig montert. Er no litt spent på korleis den tar seg ut no.
Den er strikka i Mandarin Petit og mønsteret fant eg i Hjemmet.
Sist vi hadde samling i gruppe Sjeive Sting, fekk vi alle ei utfordring. Vi skal lage noko vi har bruk for, men har lov til å supplere meg egne stoff. Her er stoffbitane eg fekk. Lenge sida eg brukte slike fargar, men den eldste delen av lageret inneholder meir enn nok. Ideane har sakte, men sikkert ,dukka opp. Vi får sjå..... 
 Høsten er sanke og lagringstid. I går kveld prekiverte husbonden  7 kg. grønne tomater. Noke blei sylta ilag med løk og her nokre glas med bitre og salta tomater lagt i lake. 
 Dagens blomst må bli denne nydelige rosa.  Den står litt lunt i ei potte på tunet.
Ønsker alle ei god helg!

fredag 23. september 2011

Handarbeidspose og .....

Det er fredagskveld og roa har senka seg over heimen. Fotballen ruller over skjermen og det er passelig tid for litt blogging. Ikkje det, har eg eit godt handarbeid ser eg gjerne fotball eg òg.
Var det nokon som spurte om fredagsvask? Eg sprang over med støvsugaren i går og om eg finn det høveleg skal eg finne ein våt klut i løpet av helga. Kor mykje kan to vaksne klare å rote/skitne til i løpet av ei veke?
I morgon skal det feirast svigermors 89 års dag og trur eg sparer meg til det.

På tirsdag var det samling i gruppa "Sjeive Sting". Som alltid blei det både hyggeleg saum og sosialt samvær. Planlegging av neste samling, som er ei heil helgasamling. Mykje å sjå fram til.
Tema for kvelden var handarbeidspose og slik vart min. Den er så stor at eg får to nøster garn ned i og det passa meg godt. Stitchery-motivet har eg hatt liggande nokre år, og det var godt å få brukt det.
Ute i hagen begynner det å gå mot slutten for mange blomster.
Skulle liksom velge meg ein, men så vart det litt fleire som fekk være med. 
Kjøpte desse etter at vi kom heim frå ferie og sjølv om det ikkje har vore dei beste vekstvilkåra i det siste, blomstrer dei enno. 
Denne pelargonian skal snart få flytte inn for overvintring. Det er berre å rydde plass, for det er fleire som skal være med innandørs.
Det er over to veker sida eg har vært ute i hagen, for når det regner slik som i det siste, holder eg meg innadørs der det er tørt og varmt. Veit egentlig ikkje om denne er i begynnelsen av blomstring eller mot slutten :)Får jo ikkje følgt med skikkelig. 
Forrige helg var vi austover slik tradisjonen er her i huset. Plukka litt tyttebær og kjøpte mandelpoteter for vinteren. For ikkje å gløyme babymandel, eller gourmandel  om du vil, som skal nytast når ein skal lage noko ekstra godt. Hadde ein nydelig tur over fjellet, der nysnøen låg langt ned i fjellet. 
Ønsker alle mine besøkande ei riktig god helg!