Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 30. mars 2014

Fleire korger og oppskrift

Fleire korger i lin!

Inni i mellom andre prosjekt, som tar litt tid å ferdigstille, er det kjekt å sy korger.
Kjekke presanger å gi bort. Her ser du nokre av dei eg har sydd no.

 Dei blir brukt til litt etter behovet. Telysbeholder, hårstikksamler, ordner på badet, brødkorger,
ja det er bare å bruke fatasien alt etter behovet..
No begynne det å tynnes i knappelageret mitt, så desse er nyinnkjøpte på Frøken Fryd i Florø.

Fann oppskrift på denne typen korger på  ein blogg, men finn den ikkje lenger.
Har laga meg eit notis, som eg gjerne deler.Eg syr den gjerne i andre størrelser også.
Det er berre å prøve seg fram.
Lykke til om du vil prøve deg :)











lørdag 22. mars 2014

Ny handarbeidsveske

Handarbeidsveske!

På medlemsmøtene til quiltegruppe har vi oftast eit tema. 
Denne gangen fikk vi lære og lage denne handarbeidsveska.
 Valgte å bruke eit fargerikt stoff med ugler.
 Som lukning har eg sydd borrelås i hanken.
Habalonvatt for å gjøre den stødigere.
 Veska har fått fargerike stoffer inn i også. 
Ferdige mål er 26 cm høy og øverst er den 30 cm bred.
Akkurat passelig til å ta med seg handarbeid  i når ein skal på klubb.
No ser lyst på kvardagen og har tenkt å møte våren med fargerik handarbeidsveske.

Gjer dagen din god med farger!



fredag 14. mars 2014

Mobiletui

Mobiletui er alltid kjekt å ha og denne gangen har eg vevd og tova.
Begge to er laget på samme mal, men dei forskjellige garntypane tovar forskjellig.
Alltid like spennande når ein opner maskina og får sjå resultatet.
Den lyse, som ble for kort til min Iphone, er med Vamsegarn både i renning og innslag.
Den tovet for mykje.
Den mørke er det brukt P3 strikkegarn til renning og Eskimo til innslag.
Den blei heilt passelig :)

 Litt pynt må til :)
 Til lukking har eg brukt borrelås.
Alltid kjekt å prøve noko nytt.

God helg!

søndag 9. mars 2014

Toalettveske

Skulle i 50-årsgilde i helga og presang må ein jo ha med. 
Jubilanten er eit underbart menneska som alle er glad i., då må jo presangen også bli noko spesielt.
På lageret hadde eg liggande stoff  og ferdig broderusk til ei  toalettveska 
"Vårblomst-veske"  mønster frå Northern Quilts.  No var det rette anledningen til å ta det fram.
 Denne gangen er boderusket nesten likt mønsteret, 
mens sjølve utformingen av veska blei etter eget hode.


Innerlomme kjekt å ha.....



Pynteperle på glidelås fangeren
 
Sjelden eg bruker krokelisser, men her passer det og det er etter ide fra orginalmønsteret.
  


Putta ein smykkepung oppi også ilag med nokre gode kremer.
Gåva blei godt mottatt og festen var upåklagelig. 
Stort koldbord, kakebord og med livemusikk til dans til langt på natt.
Storkosa meg skikkelig. Godt å treffe slekt og vener i slike anledninger.

Ha ei riktig god veke!


onsdag 5. mars 2014

Jippi...... det våres......

Et lite glimt fra hagen i februar

Tok nokre bilder i hagen siste veka
 Det er så godt å sjå det spirer og gror
 Og sjølvsagt er snøklokkene på plass.
Dei er trufaste
Gjer dagen din god!

mandag 3. mars 2014

Mange vesker kjekt å ha......

Ruska litt rundt på syrommet mitt ein dag 
og her fant eg ferdigklipt stoff og ferdigsydd glidelåslomme til ei veske.
Kjekt å finne seg ein UFO i ny og ne. Det manglar i alle fall ikke på dei.
Bestemte meg for å ta fatt der eg slutta og sjå no er den ferdig.



Litt pynt må ein jo ha :)
Fant ein emaljert beinknapp på lageret
Glidelåslomme har eg sansen for.
 Og då er den klar til bruk :)

Ha gode dager!

mandag 24. februar 2014

Rosa vest i Alpacca

Rosa vest til prinsessa.

 Endelig er eg ferdig.


 Det har tatt sin tid. Tennisalbu og mønsterstrikking passer ikkje så godt ilag, 
men eg kom i mål og no er albuen mykje bedre.
 Det er omslagsvest med knytting bak.
Garn Alpacca
Pinne nr. 2,5
Størrelse 12 år
 I helga kom ho på besøk til meg og sjå kva ho hadde plukka i langs vegen :)
Eit mormor hjerte gleder seg over slike gaver.


Det er merkbart lysare dager no og eg ser fram til våren.

Ha ein god dag!

 








lørdag 15. februar 2014

Ein innholdsrik lørdag

Dagen har vore god og allsidig :)
Eg likar slike dager
Våknet tidleg...kunne berre ligge og nyte morgonen etter kvart som den kom...
stå lenge i dusjen....nyte ein god og lang frokost......
ein god start
sette seg i sofakroken og sjå OL med eit godt strikk...

Egentlig skulle eg har fortsatt på monteringa på ein vest. Det er bare nokre tråden igjen,

men eg hadde mykje meir lyst til å sy, for det har eg ikkje hatt tid til denne veka..
I helgane prøver eg å gjere det som eg vi,l når det gjeld handarbeid
Dette er ein UFO som lengtar etter å bli ferdig...kanskje skjer det no :)
Eg har no kome eit steg vidare.....så får vi sjå :)
På ettermiddagen var det litt dugnadsarbeid å ta seg til
Fjord1 Indoor.
Internationalt innendørs idrettsstevne der det blei satt den eine etter den andre rekorden. Kjempgreie.
Ndure med 10.19........ ein god opplevelse. 
Tonen er lett å god på slike stevne og det er inponerande prestasjoner.
Da eg kom heim låg det ein herlig pose med garn(Sisu) til ein strikkegenser til minste prinsen.
Ååååååå som eg gle meg til å begynne med dette prosjektet. Herlig farge.
Eg kan velge og vrake i mine aktiviteter.Slik vil eg ha det :)))
Takker for besøket og ønsker alle

God helg!

onsdag 12. februar 2014

Korger til ting og tang


Fekk forspørsel om eg kunne lage nokre korger og slik blei resultatet
Har brukt lin til både bunnstoff og innerstoff.
Knapper er frå lageret mitt
og her finst det ulike knapper

Det er tydelig ein nyttig ting å ha .......fleire korger er på gang!

Gjer dagen din god!

mandag 10. februar 2014

Vinnarlykke

Tenk eg vart ein av vinnarane på Randi sin give away.
 Før helga mottok eg pakken i posten og sjå her:

Eit hjerte som varmar

 og med så fint broderi at det kan nytast i den minste detalj.
Takker for gaven og den skal få sin hedersplass!
 Har du ikkje besøkt bloggen henner, så anbefaler eg deg ein tur.

Ha ein god dag!


mandag 3. februar 2014

Strikking med barnebarn

Til jul kjøpte eg strikkemaskin til prinsessa
 blandt alle barnebarna min. (resten er herlige prinser)
Forrige helg hadde vi strikkedag og resultatet ser de her. Ein hals til kalde vindfulle dager.

Prinsessa er berre åtte år, men dette får ho til. 
Imponerande. 
Ho legg opp sjølv til og med og durer i vei.
Mormor er sjølvsagt såååå stolt og spanderer garn i vilden sky :)


I kveld har ein av prinsane(3) vore på besøk og du verden for nokre skatter ein har.
Han ville ein tur på syrommet for å sy litt i lag med mormor........
kry som ein hane med lappen i handa, då han reiste heim igjen.
Takker for alle hyggelige kommentarer på tidligere innlegg og gleder til å lese flere!

Ha ei god veke!



fredag 31. januar 2014

Hendige grytekluter

På siste quiltemøte var tema grytekluter.
Tenk å kunne gå på medlemsmøte utstyrt med symaskin
og får i løpet av ein kveld lære små hendige og nyttige prosjekt,
som denne gangen var grytekluter.
Desse skal eg sy fleire av.


Ønsker alle ei riktig god helg!



tirsdag 21. januar 2014

Løper med frihåndsquilting

Hei alle sammen og godt nytt år. 

Har hatt meg ei bloggpause, men no er eg tilbake.
Syarbeidet har også hatt pause. Januar er ikkje min store handarbeidsmåned.
Det var godt å ta fram eit syprosjekt, 
som berre har fått ligge på vent ei stund, og fortsette der ein slapp. 

No har eg bl.a. sydd ferdig denne løparen.
Gjekk på kurs med Anne Beier Finnestad sist høst med tema
skyggeteknikk og resteteknikk, sirklar og rundingar.

 Quiltinga er frihåndsquilting med stoppefoten
 Moro å prøve seg på ulike uttrykk.
 Det var berre å bruke fantasien, 
men det er ikkje kvar dag den er så lett å finne:)
Eg måtte vente til etter jul før den dukka opp.

 Ha ein riktig god dag!



mandag 23. desember 2013

God jul

Det meste er på plass no  og vi gleder oss til julefeiring og juleferie!
Ikkje alle julegjestene er komen, men undervegs. Sengar er oppredd og maten innkjøpt.
Det gjenstår berre å pynte tre og siste finpussen.
Ønsker alle bloggvenner 
en riktig god og fredfull julehelg!

Juleklem

fredag 6. desember 2013

Handarbeidspose

Rester har eg mykje av og det er ein fornøyelse og lage noko av dei.
Handarbeidspose har dei fleste bruk for og denne blei ei gåve til ei strikkeglad syste.


Har leika meg med stoppefoten
 og ein liten fugl fekk være med og spankulere :)