Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

tirsdag 9. juni 2009

Sommaren er komen

Når ein tar ein tur i hagen føler ein at sommeren er komen. Det blømer i kvar ein krok. Temparaturen er fin nokre dagar, for så å få oss riktig ned på jorda igjen. I dag var det berre 9 grader når vi vakna. I går var det litt kald trekk men i solveggen var det berre skjønt. Eg og dotra mi koste oss, grilla og haddde eit godt måltid. Far i huset jobba overtid. Værmeldingane var gode for dagen idag, så da eg vart spurd om å stille på dugnad, var det ikkje noko vanskeleg val, plenen som eg skulle slå kunne jo vente. Det fikk eg angre på då vi vakna til regn idag. Men det har letta utover dagen og plenen er heldigvis slått. På vestlandet kan du ikkje velge kva for ein dag du ynskjer å slå. Det er det værgudane som bestemmer. Derfor er plen en klamp om foten, medan blomebed kan stellast med når ein ynskjer.










Vi har flat tomt med ein liten aning til forhøyning bakerst i hagen. To plasser kan ein få fraem litt berg. Eg har no gravd vekk blomar og mold som dekte denne små knausen og planta takløk o.l. plantar der. Skulle gjerne hatt meir bergknausar til å plante i, men det er jo slik at ein ynskjer seg gjerne det ein ikkje har, istadenfor å vere fornøgd og gjere det beste ut av det. Det er så kjekt med desse lave steinbedplantane som nesten steller seg sjølv og som ikkje blir blesen ned av vinden. Berre å renske ugraset, men det er jo berre kjekt det. Dei svikar deg aldri. Kjem alltid attende.






Her samme knausen frå litt annan vinkel. Tok fram noko av knausen ifjor og den takløken eg planta då har allereie byrja å legge sine armar utover steinane.












Veronika














Forglemmegei











Blømande jordbærplante. Det blir små raude jordbær på dei av og til.

















Gudeblom









Pion








2 kommentarer:

  1. Nydelege bilete;.) Tek det mange år før pionen blømer? Eg ventar på min, men rekner med at den skal ha nokre år for å finne seg til rette før den kjem med blomar;.) I mellomtida får eg kjøpe avskorne som eg kan glede meg over....

    SvarSlett
  2. Takk. Har høyrt at det kan ca. 3 år. Trur min blømde etter to, og etter det har den vore trufast. Rota har eg problem med å halde nede i molda, ho vil liksom være oppe i sola. Har vore redd den skulle fryse om vinteren, men det går heilt fint. Hyppar no litt rundt henne når hausten kjem.

    SvarSlett